
Dønhaug Gjestegard ligg på eit gardsbruk like ved sentrum i Uskedalen.
Garden ligg høgt og fritt med panoramautsikt over bygda, fjella, dalen og Hardangerfjorden.
Garden drives som ein gjestegard og tilbyr overnatting i idylliske omgivnader.
Garden er også sentrum for større kulturelle tilstellingar, som konsertar, låvedans og pub-kveldar.
Fiske/jakt
Garden disponerer eigen fiskehøl (Dønhaughølen) til gjestene sine.
Hølen er ein av dei beste fiskehølane i Uskedalselva. Hølen eignar seg og godt til flogefiske. Elva er ei framifrå sjøaure-elv, men har og oppgang av laks.
Garden disponerar jaktrettar for både storvilt og småvilt som i særskilde høve kan leigast ut til gjester.
Turstiar og fjellturar Uskedalsfjella kan by på mange gode turmuligheiter Her er det merka ulike turstiar og fjellturar i alle kategoriar – alt frå rolege familieturar til krevjande langturar, det er også merka ruter for fjellklatring i Ulvanosi (over 20 klatreruter av varierande vanskegrad)
Sjå kart og info her: http://uskedalen.no/no/sider/Turstiar/
NESTE ARRANGEMENT :
- Fredag 20.november :